ASF i spennande finale i seilsportligaen!

Årets siste ligastevne går av stabelen fyrstkomande fredag 8.september og vert avslutta laurdag 9.september. Denne gong er det Moss som er vertsforening.

 

Askøy seilforening går inn i finalen av årets Seilsportsliga med samanlagtleiing i 2. divisjon, og kjempar ein tett kamp om opprykk til 1.divisjon!

ASF sitt lag har segla svært jamnt og bra, med to 3.plassar og ein 2.plass – og ligg no kun eitt poeng framføre Risør seilforening. Deretter kjem Bundefjorden og Hurum halsande med berre 6 og 8 poeng bak!  – Målet for sesongen var opprykksplass, altså blandt dei 4 beste, og eventuelt medalje. Så utgangspunktet før helga kunne neppe vore betre, seier lagleiar Karl Petter Haugen. – Risør er av Seilmagasinet utpekt som favoritt, og akkurat det passar oss svært godt. Me liker oss mentalt i angrepsposisjon. 

Laget har gjennom sesongen segla betre og betre. Det har vore eit mål å få med fleire på årets siste regatta i seilsportligaen – og denne gongen er det tatt ut 5 seglarar frå Askøy. Askøy seilforening sitt lag i helgas regatta er som fylgjer: Chris Skogen, Karl Emil Haugen, Stian Soltvedt, Torstein Hellebust og Karl Petter Haugen. 

Laget håpar at så mange som mogleg vil fylgja med på LIVE streaming  – og på facebooksida til foreningen der me vil legga ut informasjon etter kvart som laget rapporterer inn. Ekstra kjekt er det om medlemmane våre fylgjer med og ikkje minst kommenterer undervegs.

Me ynskjer laget lykke til!