Det nærmar seg årets Askøy Rundt!

Er du klar? Laurdag 18.august går den førtiende utgåva av Askøy Rundt, i år med navnet Nautic Askøy Rundt!

Nautic Charter er regattaen sin nye hovudsponsor og dei har sett opp ein ny flott vandrepokal, her vist av Fridtjov Bergmann.

Som i mange år før så profilerer me denne regattaen som ein familievenleg regatta. Me håpar at mange familiebåtar stiller på fjorden også i år! Det vert og aktivitetar for store og små på landarrangementet etter at båtane er komne i mål. 

Elles fylgjer arrangementet mykje same lesten som me har hatt dei siste åra. Fylg med på regattasida for meir informasjon.

Søndag vert det gratis frukost til alle seglarane, eit tiltak som mange har sett pris på dei siste åra. 

Sjåast me på fjorden laurdag 18. august? 

Påmelding gjer du HER! 

Velkomen!