Dommar III kurs 2018!

HSK v/Utdanningsutvalet, i samarbeid med NSF v/ Arrangør- og Dommerutvalget, vil arrangera eit Dommar III kurs no i vår. Det vert enten eit helgekurs den 10/11 mars eller eit kveldskurs over 5 torsdagar i februar/mars, med oppstart den 8. februar.

 

 

Askøy seilforening oppfordrar medlemer til å ta vidareutdanning som dommar, då me ynskjer fleire å dela dommaroppgåvene mellom når me arrangerer regatta. Det er og eit ynskje frå kretsen å få motivera kvalifiserte kretsdommarar til å ta oppgraderinga til Forbundsdommar. Kretsen har og behov for kompetente dommarar for å kunna fortsetja med å arrangera regatta på høgt nivå – og rekkja av forbundsdommarar byrjar etter kvart å “dra på åra”.

Påmelding til kurset innan 20. januar til Finn Espeseth på e-post.

Ein typisk kanditat for kurset vil vera enten aktive seglarar, eventuelt foreldre til seglarar i ungdomsklassane. Naudsynt førehandskompetanse er Dommar II med eit par års praksis. I spesielle tilfelle kan det verta gjeve dispensasjon.

Personar med autorisasjon som Dommar II / Kretsdommar og minst 2 års praksis kan melda seg på kurset. Kandidatar med kortare praksistid kan og melda seg. Dei vil ikkje verta sertifisert før dei har to års praksis, med mindre dei kan visa til spesielt god praksis godkjend av NSF Arrangør- og Dommarutvalg, etter objektive kriterie som utvalet vil fastsetja medio januar.

HSK sin erfaring er at det ofte er problematisk for potensielle deltakarar å setje av ei heil helg for å delta på kurs. Me vil difor som eit alternativ tilby eit kveldskurs over 5 veker på same nivå. For begge kursa gjeld eit minimum antal påmelde deltakarar på 5 personar. 

Kveldskurset vil gå fylgjande dagar: 8/2, 15/2, 22/2, 8/3 og 15/3. Siste kursdag er eksamen. Det vert ikkje kurs i vinterferieveka. 

Kurset vil bl.a. gjennomgå fylgjande emne:

  • - Organisering av kappseilas
  • - Banetyper og seilasformater
  • - Dommerens rolle
  • - Krav ved protester og høringer
  • - Fremgangsmåte ved protestbehandling
  • - Begrepet kjensgjerninger
  • - Avgjørelser og straffer
  • - Gjenåpne en høring
  • - Godtgjørelse og appeller
  • - Voldgift (arbitration)
  • - Kappseilingsreglene Del 2
  • - Regel 42 Grunnleggende fortolkninger
  • - Regeløvelser

Kurset vert halde i ein av medlemsforeningane sitt klubbhus eller i Idrettens hus. Kurstad vert endeleg fastsett kort tid etter påmeldingsfristen går ut.

Kursavgift kr. 1.500. Den inkluderer eit lett måltid før undervisningsstart, kaffi og mineralvatn. Avgifta vert fakturert deltakaren sin forening før kursstart.