STORDUGNAD, laurdag 15.september

Me kallar inn til HAUSTDUGNAD på seglsportsenteret, laurdag 15.september frå kl.10.30

 

Uteområdet vårt må klargjerast for vinteren! Dette betyr at me skal rydda begge sider av vegen ned til seglsportsenteret. Me må og ta ein runde å fjerna rusk og rask som ligg på området.

Parkeringsplassen oppe treng og ein runde med rydding og fiksing, bl.a. raka sand og grus inn att på sjølve plassen.
Badestrendene i Kollevågen må ryddast, det vart jo ikkje gjort noko her i vår…

Her er dugnadsarbeid for alle; liten, stor og bestemor! Så me oppfordrar flest mogleg av medlemene om å stilla opp og bidra på laurdag!

Ta med kantklyppar, busksaks, jernrive og tilhengar – slik at me får kvitta oss med alt fortløpande.

Og i god ASF ånd; det vert som vanleg god varm lapskaus i klubbhuset til lunsj.

Håpar me ser deg!

- for styret, Alice –