Haustfest laurdag 28.oktober!

Me inviterer våre medlemer og mannskap til HAUSTFEST & skalldyrfest på seglsportsenteret, laurdag 28.oktober.

 

Me satsar på eit skikkeleg godt haustver og samlar oss til ein haustfest som ein slags “sesongavslutning”! Planen er å nytta båthallen og terassen, men om veret ikkje heilt er med oss – så vert festen i storsalen i staden.

På menyen står skalldyr i ulike variantar med tilbehør; krabbe, blåskjell (suppe), fiskesuppe, reker – og kanskje får me nokre av våre dykkarar til å bidra med noko frå havets bunn?  Dei som ikkje kan ete av havets frukter må spesifisera dette ved påmelding, så vert det ordna noko anna til dei. I baren vil ein få kjøpt brus, øl & vin.

Pris kr. 150,- pr.person. Betaling ved påmelding til kontonr. 6515.06.06599 eller VIPPS nummer 118866 – merka med “haustfest og navn”.

Påmelding til Ove på e-post – seinast laurdag 21.oktober. Me må ha såpass påmeldingsfrist grunna bestilling av råvarer.

I år prøver me noko nytt og satsar på haustfest i staden for den tradisjonelle årsfesten som har vore på nyåret. Ps. Kle deg etter veret ;-)

Så få med deg folkene i nabobåten, seglmannskapet ditt (gjer ingenting om dei er medlem i anna forening) eller andre kjekke seglarvener og bli med på ein god sesongavslutning i godt lag!! VELKOMEN! 

Helsing arr.komiteen