KURS - ynglingsegling!

Me ynskjer oss mange fleire ynglingseglarar – og startar opp med KURS allereie i januar 2019!

 

Fyrste kursdag vert torsdag 10. januar 2019, kl. 18.00 –20.00, på seglsportsenteret. Det vert ulike instruktørar innan segling kvar torsdag utover vinteren / våren, til me har båtane på sjøen innan 25. april. 

Dette er eit kurs for både unge og gamle, med og utan erfaring, frå 14 år og oppover! Og du...kurset er GRATIS!

 

For dei som er avhengig av buss for å koma seg til seglsportsenteret, så har me bussrutene her:  

  • * Frå bystasjonen kl.16.33 – Storavatnet kl.16.53 – Kleppestø kl.17.23 – Askøy Seilforening (Kollevåg, friluften 5 min å gå)
  • * Frå Askøy Seilforening (Kollevåg) kl.20.26 – Kleppestø kl.20.57 – Storavatnet kl.21.07 – bystasjonen kl.21.22

Spørsmål om kurset eller anna med ynglingsegling? Kontakt Ove Flatnes, e-post