Takk for dagens innsats!

Trass skikkeleg vått haustver, så vart det gjennomført mykje godt dugnadsarbeide!

Ramma til jolleteltet er no historie, og det same gjeld mykje gamalt som var stua vekk i rubbhallen. 

Verkstaden fekk litt ryddehjelp og den gamle komfyren i klubbhuset er no på veg til Norscrap.

Og som alltid når me har dugnad, varm god ASF-lapskaus smaka fortreffeleg.

Me ynskjer å retta ein stor TAKK til alle som kom på dugnaden! 

 

Alice, leiar ASF