Vel blåst Askøy Rundt 2017!

Årets Askøy rundt hadde 49 båtar påmeldt då påmeldingsfristen gjekk ut fredag kveld.

Då startskota gjekk som planlagt ved Askeneset var det overskya og 3 – 4 m/s frå sør. Lenger nord i Herdlefjorden letta skydekket, og når båtane nærma seg Det Naue auka vinden på. Ved runding av Herdla var vinden kome opp i 8 -9 m/s. I Hjeltefjorden var vinden vestleg og då valde dei fleste båtane å segla sørover langs Sotralandet – der dei segla på ein legg til målgang ved Ramsøy.

Fyrste båt over mållinja var “Ollie” med skipper Svein Andre Hol kl.15.10. Det vart stort spredning på feltet og siste båt passerte mållinja ca kl.17.00. 

Etter målgang gjekk mange av båtane til seilsportsenteret der det var samling med vaffelservering, underholdning med “Gubbe-koret”, premieutdeling, grilling og sosialt samvære utover kvelden.

Resultata frå regattaen finn du her på regattasida! Me gratulerer alle vinnarane!

Sundag var det felles frukost i gamle klubbhuset for dei som ynskte det – og heile 30 glade seglarar møtte her for mat og drøs.

Arr.komiteen ynskjer å retta ein stor takk til alle medlemene som var med å arrangera årets regatta! 

regattasjef Finn Espeseth

Fleire bilete finn du på facebooksida vår her (ps. du treng ikkje vera registrert med profil for å sjå desse.)

Bildene er tatt av Gry Hunstad og Finn Espeseth.