BETALING- OG FAKTUERINGSRUTINAR

 

FAKTURERING

 

Her er oversikt over kor tid me fakturerer dei ulike tenestene i Askøy Seilforening.

MEDLEMSKONTIGENT /rett etter årsmøte

HAVNELEIGE / i mai med forfall i juni

STRAUM / 2 x pr.år, nov/des og mai mnd

DUGNAD / januar

VIPPS

 

Med innføring av Vipps så er betalingsrutinane våre vorte endå meir forenkla. Du kan betala med Vipps i “kiosken”, ved kranopptak, ved bruk av slippen (gjeld “ikkje-medlemer”), båthallen, arrangement og ved gjesteopphald i havna.

Søk opp Askøy Seilforening i Vipps, eller bruk vårt vippsnummer 118866. 

Null stress, me tar det på Vipps!

BANKTERMINAL – BANKKONTONUMMER

 

Me har framleis bankkortterminal i bruk på seilsportsenteret. Så om du ikkje ynskjer å nytta Vipps, så gjer du berre som før og betaler for dei ulike tenestene med bankkort der og då.

Ein del faste tenester går som vanleg via faktura og bank. Vårt bankkontonummer er 6515.06.06599.

GENERELL INFORMASJON

 

“MIN SIDE”

 

Alle medlemer i Askøy Seilforening har fått si eige side i vårt medlem- og havneregister X-Marina. Bruk denne for adresseendring, endring av kontaktinformasjon, søknad om havneplass, informasjon om faktura osv.

Logg inn med ditt medlemsnummer og tilsendt passord.

STYREREFERAT

 

Ved omlegginga til ny nettside og bruk av nytt medlem- og havneregister, så vart sidene for kvar ein legg ut styrereferat flytta.

Styrereferat finn du ved å logga inn på “min side” i x-marina, vårt medlem- og havneregister. Når du er innlogga så klikkar du på menypunktet styrereferat. Her finn du og styrereferat frå fleire år tilbake. 

ÅRSMELDINGAR & PROTOKOLLAR

 

Likeeins som med styrereferat, så er årsmeldingane og protokollar flytta over til vårt medlem- og havneregister.

Årsmelding, innkallingar og protokollar finn du altså ved å logga inn på “min side” i x-marina, vårt medlem- og havneregister. Gå til menypunkt “årsmøte”, her finn du dokumenta for fleire år tilbake.