Askøy Seilforening vart stifta 3.april 1979 – og er i dag ein forening med rundt 400 medlemer.

 

Foreninga vert driven av medlemer for medlemer – og drifta er 100 % dugnadsbasert. 

 

Me har eit aktivt regattamiljø, både innan Tur & Hav, yngling og joller. Me prøver heile tida å tilby våre medlemer stort breidde, både sportsleg og sosialt – i tillegg til tenester knytta til havn og vedlikehald av båtar. Etter mange år med ein enorm dugnadsinnsats, framstår Askøy Seilsportsenter som eit komplett anlegg – og det har no status som Regionalt Idrettsanlegg for seilsport i Hordaland.

Askøy Seilforening arrangerer ei rekkje regattaer kvart år.

 

Nautic Askøy Rundt:

Regattaen med lengst historie er “Askøy Rundt”, der den første seglasen vart gjennomførd om hausten same året som foreninga vart stifta. Både startområde og målområde har variert noko, men tradisjonelt var dette ein todagars regatta med familieprofil, med overnatting i Herdlevågen der det var eit arrangement på kaien laurdagskvelden. Frå 2015, då Seilsportsenteret stod meir eller mindre ferdig, valde ein å endre Nautic Askøy Rundt til ein eindagsregatta – med avslutning på Seilsportsenteret laurdagskvelden. Start er ved Askeneset og løpet går ut Herdlefjorden og inn Hjeltefjorden. Framleis har denne regattaen ein familieprofil, der landarrangementet etter regattaen er ein viktig del av det heile.

 

Seilmakeren Doublehanded:

Såkalla shorthanded segling, med ein eller to ombord i havseglarar, har vorte svært populært dei siste åra – og Askøy Seilforening har arrangert “Seilmakeren Doublehanded” sidan 2005. Dei fyrste åra gjekk denne seglasen tur/retur Stavanger, deretter tur/retur Skudeneshavn og så tur/retur Florø. I 2016 og 2017 snudde ein igjen nasen mot sør og segla tur/retur Haugesund. I 2018 prøvde me oss utan “pitstopp”, men løpet var omtrent det same som åra før, berre at me snudde rundt ein holme på Sletta. Dette vert også opplegget for regattaen i 2019.

 

Vårbløyta:

Ein annan regatta med lang histore er “Vårbløyta” med baneområde i Hauglandsosen og Hjeltefjorden. Denne regattaen for tur og havseglarar plar gå i slutten av april. I 2016 og 2017 bytta Askøy og RAN Seilforening slik at Askøy arrangerte “Snøføyka” i februar, medan RAN arrangerte “Vårbløyta” i april. Men frå 2018 har igjen Askøy Seilforening overteke Vårbløyta. 

 

Hjeltefjordtrimmen:

Askøy og RAN Seilforening har samarbeid og om andre regattaer; kvar tysdag i sommarhalvåret går “Hjeltefjordtrimmen” i Hauglandsosen – vekselvis arrangert av RAN og Askøy. Dette er ein trimregatta for tur- og havseglarar som går på faste merke. Hjeltefjordtrimmen er eit lågterskel-regattatilbod der ein kan få prøva korleis det er å segla regatta. 

 

Thorvalden:

Av jolleregattaer er “Thorvalden” den med lengst historie. Denne har gått i Hauglandsosen om våren og har vore for ulike jolleklassar. På grunn av manglande aktivitet på jollesida, har ikkje denne regattaen vore arrangert etter 2016.

 

Askøy Race Weekend:

Ein ny regatta frå 2016 er “Askøy Race Weekend” som er baneseglasar for eintypebåtar, ynglingar, Melgesar og Expressar. Også desse klassane arrangerer trimregattaer i sommarhalvåret saman med RAN. Askøy plar også arrangere eit par regattaer i Java Cup, for Melges-24. Sjå meir om dette under informasjonen om Melges. 

 

Andre arrangement:

Askøy Seilsportsenter eignar seg godt til større regattarrangement – og har allereie vore brukt til å arrangera ope Verdsmeisterskap i Yngling. Dessutan har me i samarbeid med sjøforsvaret arrangert både nordisk meisterskap i Yngling fleire gonger og sist verdsmeisterskap i Yngling. Me har og arrangert Norgescup for joller & yngling.

 

Kontakt medlemsservice her

Regatta

- Askøy Seilforening –