Yngling er ein flott båt til å læra seg å segla, samt til å vidareutvikla seg som seglar.

 

Askøy Seilforening har båtar tilgjengeleg til opplæring og aktiv segling. 

I tillegg til heimesida til ASF, så nyttar Ynglinggruppa mykje facebook for kommunikasjon og meldingar om trening osv. Me har ei eige facebookgruppe, Ynglinggruppe Askøy Seilforening.

 

Om du har spørsmål eller ynskjer å segla Yngling, ta kontakt med klassekapteinen:  Mira Høstaker, tlf. 936 58 602 eller e-post

Mira Høstaker seglar aktivt yngling.

Førebels planar for 2019 sesongen (kan verta endra)

 

Mars / April: – Klargjera Ynglingane for sjøsetting (vedlikehald og rigging)

  • Mai – Oktober:
  • - Norgescup ASF (NC)
  • - 3 helgeregatta / treningsregatta ASF gjennom sesongen
  • - 14.-15.september, NM i Horten
  • - september / oktober, Klubbmesterskap ASF

Me treng fleire ynglingseglarar – og startar opp med KURS allereie i januar 2019!

 

Fyrste kursdag vert torsdag 10. januar 2019, kl. 18.00 –20.00, på seglsportsenteret. Det vert ulike instruktørar innan segling kvar torsdag utover vinteren / våren, til me har båtane på sjøen innan 25. april. 

Dette er eit kurs for både unge og gamle, med og utan erfaring, frå 14 år og oppover! Og du...kurset er GRATIS!

For dei som er avhengig av buss for å koma seg til seglsportsenteret, så har me bussrutene her:  

  • * Frå bystasjonen kl.16.33 – Storavatnet kl.16.53 – Kleppestø kl.17.23 – Askøy Seilforening (Kollevåg, friluften 5 min å gå)
  • * Frå Askøy Seilforening (Kollevåg, friluften 5 min å gå) kl.20.26 – Kleppestø kl.20.57 – Storavatnet kl.21.07 – bystasjonen kl.21.22

Nokre glimt frå Ynglingsegling