Askøy Seilforening har eit levande Melges 24 miljø!

Me har eit levande Melges 24 miljø med fantastiske fasilitetar i Kaggevikane. Der har me god lagringsplass på land, krane til bruk av seglarene sjølve – og ikkje minst kort veg ut til flotte treningsområde i Hauglandsosen. 

For 2018 vert det satsa på trening torsdagar kl.18. 

Denne sesongen skal det arrangerast 2 Javacup-regattaer hjå oss der den fyrste runden vert Askøy Race Weekend 5. og 6.mai, og deretter siste runde 22. og 23. september med Frydenbø One Design Race. I 2019 står me som arrangør av NM.

Her er mange muligheter for å segla Eintype i Melges 24 i foreningen. Så kom å bli med!

 

Om du har noko spørsmål eller du kan tenkja deg å byrja å segla Melges 24, då tar du kontakt med klassekaptein Jens Altern Wathne på tlf 999 68 688 eller e-post.

Nokre glimt frå Melges-segling: