Askøy Rundt 15.august 2020

Laurdag 15.august har Askøy Seilforening gleda av å invitera til Askøy Rundt for 42. gong! Dei fem siste åra har den tradisjonsrike regattaen vore arrangert som 1-dags regatta, og slik blir det også i år, men i ein “koronavariant”.

 

 

Sjølv om ein del er modernisert, så er mykje ved det same. Me ynskjer framleis å profilere dette som ein familieregatta.


Starten går som den har gjort dei siste åra, aust av Askøy ved Askeneset, og det vert segla nordover Herdlefjorden og så sørover Hjeltefjorden med målgang vest for Ramsøy.

Etter målgang er det mogleg med grill og sosialt samvær på Askøy Seilsportssenter, men grunna koronarestriksjonar vert det diverre ikkje invitert til tradisjonell siglarfest i år.
Meir om dette kjem på regattasida under "for deltagerne" i menyen etter kvart.

For deltakarar som treng hamneplass frå fredag til sundag, tilbyr me som vanleg gratis hamneplass på Seilsportsenteret desse dagane.

I år gjeld koronarestriksjonane frå seglforbundet. Det vil sei at det er avgrensa kor mange seglarar det kan vera i kvar båt. Sjå oppdatert kunngjering for regattaen på klassar, familie/husstand & shorthanded.

Påmelding og etter meir informasjon finn de på regattasida.

Årets regattakomite for Askøy Rundt ynskjer med dette alle små og store seglarar velkomne til regatta laurdag 15.august!