Det nærmar seg årets SPZ Seilmakeren Doublehanded!

Fredag 24. mai kl.11.00 går starten for årets doublehanded-regatta i Hauglandsosen – der det skal seglast non-stop Askøy – Ramsholmane/Sletta og tilbake til Askøy (Lerøyosen).

 

I dag, 2 veker før starten går, så har me fått 24 båtar på deltakarlista. I fjor stilte 37 båtar til start – og arrangementskomiteen håpar på minst like mange i år, men gjerne fleire. Det er god plass på fjorden, så det er berre å ta utfordringa å bli med på vårens flottaste og kanskje tøffaste regatta her på vestlandet!

Som i fjor, går også i år regattaen utan kvil undervegs, frå Askøy sørover med runding Ramsholmane på Sletta, og retur til Raunefjorden. Ca 110 nautiske mil er løpet strake vegen – men seglasar går jo sjeldan strake vegen – så dette løpet favoriserer dei som er uthaldande. Og dei som seglar på skift medan makkeren kviler. Men dette er ikkje eit løp ein kan sova seg gjennom; dei mange vegvala undervegs krev sine rormenn og -kvinner fullt ut. 

Denne regattaen tel og mykje i SEILmagasinets Shorthandedranking 2019. Denne baserer seg på plasseringa ein seglar får i ulike regattaer i løpet av året. Kvar av regattaene har eit vekttal; jo høgare vekttal, jo meir tel plasseringa i denne regattaen samanlikna med andre. På lista er det få regattaer på Vestlandet, og ingen har høgare vekttal enn SPZ Seilmakeren Doublehanded, 1.50. Berre Raymarine 2Star, arrangert av Fredrikstad Seilforening, har høgare vekttal. 
Så kva betyr dette? Jo, det betyr at alle shorthandedseglarar med ambisjonar om å klatre på denne lista MÅ segle SPZ Seilmakeren Doublehanded! 

Påmelding og informasjon rundt årets regatta finn du på regattasida her.  

På same side vil det og koma ein livefeed som me skal oppdatera under heile regatten, det er og her du finn trackinga på båtane. I tillegg vil me bruka facebooksida til regattaen + seilforeninga si til å få ut bilder og nyhende.

Utan gode sponsorar, ingen regatta – og i år har me fått ny hovudsponsor, nemleg SPZ Bil AS. – fylg dei gjerne på facebook og deira heimeside