Frivillige / dugnadshjelp under NM Melges

Me treng frivillige til å hjelpa til under Ope Norsk Mesterskap i Melges som me skal arrangera frå torsdag 29.august til og med sundag 1.september 2019.

 

Her har du sjansen til å få dugnadstimar på kontoen din som frivillig! Me treng personar som kan stilla morgon, ettermiddag og kveld – frå torsdag kveld og fram til sundag ettermiddag. Alt i frå nokre få timar til ein heil dag. Me treng folk til kjøkken, matsal, på kaien og diverse andre oppgåver! 

Det vil koma meir enn 30 båtar, noko som tilsvarar 120-150 seglarar og arrangørar – så det vert hektiske dagar. Dette er ein flott sjanse til å få unna litt av dugnadsplikta samstundes som det er høg seglaktivitet både på land og på vatn!

Dette er det største arrangementet me har hatt i foreninga på ei stund og me er heilt avhengig av at medlemene stiller opp og hjelper til!

Om du veit allereie no at du har anledning og lyst til å vera med, litt eller mykje, så gje ein lyd til Jan Rune så han kan få byrja å setja opp lister og få ein oversikt.