Innkalling til ÅRSMØTE

i Askøy Seilforening torsdag 21. februar 2019 kl.19.00 på seilsportsenteret.

 

Det vert med dette kalla inn til ÅRSMØTE i Askøy Seilforening, TORSDAG 21.FEBRUAR KL.19.00.

Møtet går som vanleg av stabelen i storsalen i klubbhuset på Seilsportsenteret.

Om du har saker du ynskjer å få handsama på årsmøtet, så må dei vera styret i hende seinast 7.februar, dvs 2 veker før årsmøtet.

Sak/sakene sender du skriftleg på e-post til styret.

Sakspapira vert lagt ut seinast torsdag 14.februar, dvs ei veke før årsmøtet.

Beste helsing Styret i Askøy Seilforening.