KURS - ynglingsegling!

Me minner om KURS i ynglingsegling som går om torsdagane frå no i januar og framover. Det er enno sjanse for å henga seg med!

 

Fyrste kursdag var torsdag 10. januar 2019, kl. 18.00 –20.00, på seglsportsenteret. Me vil halda på fram kvar einaste torsdag utover vinteren / våren, til me har båtane på sjøen innan 25. april. Me hentar frå klubben sin kompetanse og har ulike instruktørar innan segling desse kurskveldane.

Torsdag 17.januar er det Thorbjørn Halvorsen som er kursleiar. Tema: “Vi lærer knuter og stikk som vi må kjenne – og andre oppgaver i forbindelse med skjøter osv.

Dette er eit kurs for både unge og gamle, med og utan erfaring, frå 14 år og oppover! Og du...kurset er GRATIS!

 

For dei som er avhengig av buss for å koma seg til seglsportsenteret, så har me bussrutene her:  

  • * Frå bystasjonen kl.16.33 – Storavatnet kl.16.53 – Kleppestø kl.17.23 – Askøy Seilforening (Kollevåg, friluften 5 min å gå)
  • * Frå Askøy Seilforening (Kollevåg) kl.20.26 – Kleppestø kl.20.57 – Storavatnet kl.21.07 – bystasjonen kl.21.22

Spørsmål om kurset eller anna med ynglingsegling? Kontakt Ove Flatnes, e-post