NYBEGYNNARKURS i segling for born!

Me inviterer til NYBEGYNNARKURS i optimist segling for born i alderen 9 til 12 år, hausten 2019. Sjølve KURSET vert halde 23. – 25. august på seilsportsenteret.

 

KURSET består av ei innleiande kurshelg, med påfylgjande treningar ein dag i veka utover hausten. Båttypen vil vera Optimistjolle, med opplæring etter Norges Seilforbund sitt opplæringsprogram “Peiling på seiling”. 

  • •  Stad: Askøy Seilsportsenter
  • •  Aldersgruppe: 9 – 12 år
  • •  Kurshelg: 23. – 25. august 2019
    • •  Fredag 23.august, kl.18:00 – 20:00: Informasjonsmøte for foreldre
    • •  Laurdag 24. og sundag 25.august, kl.12:00 – 15.00: Nybegynnarkurs
    • •  Mandag eller tysdag, trening ein dag i veka, veke 25 – 42 (dag vert valt etter den dagen som passar flest deltakarar)

Det er ei forutsetning at forelder/føresett er tilstades under kurset og treningane – og at desse helper til med rigging/utsetting og bemanning av fylgjebåtar.

  • •  Kursavgift: Kr. 1.000,-
  • •  Kursavgifta inkluderer fylgjande:
    • •  Nybegynnarkurs (kurshelg)
    • •  Seglskule kvar mandag eller tirsdag ut sesongen 2019
    • •  Medlemskap i Askøy Seilforening ut 2019
    • •  Fri tilgang til jolle ut sesongen
    • •  Bok “seil optimistjolle – Din første bok om seiling”

For ytterlegare informasjon og påmelding kontakt: Trond N.Berntsen, tlf. 916 92 881 eller Terje Askvik, tlf 474 13 980