Sesongstart Hjeltefjordtrimmen!

Som tidlegare annonsert, så startar Hjeltefjordtrimmen opp att tysdag 16.juni.

 

Smittevernveileder for segling gjeve ut frå Norges Seilforbund, gjeldande frå 1. juni og inntil vidare, har framleis ein del begrensningar som me må forhalda oss til.

Det er spesielt eitt vilkår som vil setja begrensningar for deltakarar på Hjeltefjordtrimmen, og dette er at det KUN er tilatt med 3 personar i kvar båt. I tillegg gjeld hovudkravet i samfunnet om 1 meters avstand og redusert kontakt også under seglinga.

15.juni er datoen som det er meldt det vil koma endringar frå styresmaktene ad arrangement. Det vert oppfordra til at den enkelte sjølv sjekkar sida til seilforbundet, då dei vil eventuelt koma med ytterlegare oppmjuking av smitteveilerder som kan påvikra antal seglarar ombord den 16.juni.

For de som har eigen båt, men fungerer som mannskap på en annen båt om tysdagane, så seier vermeldinga komande tysdag at dette er den rette dagen å debutera i regatta med eige skute! 

Me minnar og om at ein må fornya målebrevet om ein seglar i ratingklasse. Regattaleiinga ber og deltakarane setja seg godt inn i seglingsbestemmelsane, på regattaen si heimeside,  der blandt anna Nordavindsløpet i år er kraftig revidert.

Ellers er vilkår for premiering i årets Hjeltefjordtrimmen blitt justert i tråd med antal reduserte seglasar.

Fylg og med på facebooksida til regattaen.

Lykke til med oppstart av regatta sesongen!

 

- Hjeltefjortrimmen, Ran & ASF -