SPZ Seilmakeren Doublehanded - full fart frå fyrste stund!

Den 26 februar, nokså nøyaktig tre månader før seglasen går av stabelen, opna vi for påmelding til SPZ Seilmakeren Doublehanded 2019. Og det gjekk ikkje mange minuttane før det var fire påmelde båtar!

 

Som i fjor, går også i år regattaen utan kvil undervegs, frå Askøy sørover med runding Ramsholmane på Sletta, og retur til Raunefjorden. Ca 110 nautiske mil er løpet strake vegen – men seglasar går jo skjeldan strake vegen – så dette løpet favoriserer dei som er uthaldande. Og dei som seglar på skift medan makkeren kviler. Men dette er ikkje eit løp ein kan sova seg gjennom; dei mange vegvala undervegs krev sine rormenn og -kvinner fullt ut. 

Ein ting som er nytt i år er at dei 1750 kronene det kostar å melda seg på, ikkje er tapt om ein av ein eller annan grunn må melde seg av igjen før 1. mai. Regattaleiinga har nemleg bestemt, i von om at det skal hjelpe på tidleg påmelding til regattaen, at i slike tilfelle skal ein tilbakebetale påmeldingsavgifta. Det at dei fleste melder seg på siste dagane før løpet startar, gjer det vanskeleg å planlegge, ikkje minst sidan det skal bestillast sporingseiningar til alle båtane. Regattasjefen vonar difor at påmeldinga held fram som den starta, og at rett mange i år finn høve til å delta i denne fantastiske regattaen.

Påmelding og informasjon rundt årets regatta finn du på regattasida her.

Regattaen har i år fått ny hovudsponsor, SPZ Bil AS.