Praktisk informasjon:

 

INNMELDING i Askøy Seilforening skjer via vårt medlems- og havneregister i xmarina.

Direktelink under her i “søknad om medlemskap” 

 

SENIOR- OG FAMILIEMEDLEMSKAP i Askøy Seilforening inkluderer eit abonnement på SEILmagasinet.

FAMILIEMEDLEMER (barn) vil frå det året dei fyller 17 år gå over til eige medlemskap.

MEDLEMSKAP I ASKØY SEILFORENING FYLGJER KALENDERÅRET.

BETALING: Medlemskap vert fakturert forskotsvis for 1 år om gongen, rett etter årsmøtet (normalt i slutten av februar)

DUGNAD: Foreninga er basert på frivilligheit. Drift av og vedlikehald av Askøy Seilsportssenter vert gjennomført på dugnad av medlemmene. 

 

“MIN SIDE”:

  • • Alle medlemer i Askøy Seilforening har sin eigen pålogging i vårt medlems- og havneregister x-marina. Her loggar du på med medlemsnummer og passord (passord kan enkelt resetjast på innloggingssida).
  • • Det er av stor betydning for drifta av seglforeninga at medlemene held basisinformasjonen sin oppdatert. For dei som og har båtplass inkluderer dette opplysningar om båt og forsikring. 
  • • Medlemsinformasjon som medlemene SKAL vedlikehalda sjølv: tlf.nr (mobil), e-post, adresse, postnr, yrke, kjønn, fødselsdato.
  • • Båtinformasjon som medlemene SKAL vedlikehalda sjølv: totallengde, djupgåande, båtnavn, registreringsnummer (seglnummer), forsikringsselskap, polisenummer.

 

UTMELDING må skje skriftleg – og innan 31.desember.

Ved utmelding send e-post og merk den med “utmelding og medlemsnummer”.  

OBS: Ved avslutning av familiemedlemsskap må ein oppgje medlemsnummer og navn på alle familiemedlemene, og ikkje berre på hovudmedlemet.

 

SPØRSMÅL? Send e-post.

KONTIGENTSATSAR  pr. 2020:

  •  
  • Seniormedlemsskap  kr. 1.300,-
  • Familemedlemsskap  kr. 2.200,-
  • Juniormedlemsskap   kr.    650,-
  • Studentmedlemskap  kr.    650,-

SØKNAD OM MEDLEMSSKAP

Lyst å byrja å segla?

 

Her er ein liten videosnutt om ynglingsegling laga av ein av våre mest aktive ynglingseglar Svein Andre Hol.