Storbåt – tur & hav

 

Askøy Seilforening har ambisjonar om at medlemene i foreninga skal vera aktive seglarar som brukar båtane sine både til regattasegling og til tur. Hjeltefjordtrimmen på tysdagane er foreninga sine treningsseglasar. Desse er både uhøgtidlege med ein låg terskel for deltaking og med til dels høg prestisje mellom sjølvvalde konkurrentar. 

 

TRENING

HJELTEFJORDTRIMMEN vert arrangert tysdagar frå april til september ( i samarbeid med RAN seilforening ). Det vert segla i klassar med NOR-rating og i turklasse utan krav om målebrev.

Det vert og arrangert ulike kveldssamlingar med seglrelaterte tema.

 

REGATTA

Askøy Seilforening arrangerer kvart år desse regattane: Vårbløyta, SPZ Seilmakeren Doublehanded og Nautic Askøy Rundt.

Foreninga sine seglarar deltek og på dei ulike tur & hav regatta som vert arrangert i kretsen.

Terminlista til Vestland Seilkrets 

 

KONTAKT:

  • • Styremedlem SPORT: Trond Nesman Berntsen, tlf. 916 92 881 eller e-post
  •  

Nokre glimt frå bøljane blå

Videosnutt SSDH 2019

Rett etter start og nedover mot Sotrabrua.