01.01.2020, nye VESTLAND SEILKRETS

På seglkretstinget i 2019 vart det samrøystes vedteke at frå 1. januar 2020 skiftar Hordaland Seilkrets namn til Vestland Seilkrets.

 

Dette har fått følgjer for heimesida som i desse dagar har fått ei oppfrisking – og ny adresse der er www.vestlandseilkrets.no

Vidare vil seglkretsen sin facebook-aktivitet føregå på sida Vestland Seilkrets – Kretsen ber difor alle seglarar om å gå inn å trykka likar, fylgja og ikkje minst dela denne, slik at det vert ein effektiv kanal for informasjonsarbeidet til kretsen!

Og det er meir nytt; før jol vart det sjølve terminlista for 2020 trykt som eigen kalender som ein håpar kan inspirera og gje ein god oversikt over aktivitetane i dei ulike foreningane her på Vestlandet. Kalenderen er laga av ein redaksjon der Espen Børresen og Kjell Magnus Økland, medan Giske Berland/gb-design.no har hatt ansvar for layout og sy dette saman på eit vetig vis. Styret i VSK håpar dette kan verta eit godt verktøy for å fremma seglsporten. 

Terminlista med dei nyaste aktivitetane er og lagt inn på framsida på heimesida vår her, med link frå kystkultur.no & vestlandseilkrets.no