ISAF sikkerhetskurs, 15.-16. februar i Bergen

Regattakomiteen for Pantaenius Shetland Race inviterer til ISAF sikkerhetskurs ved NOSEFO i Bergen, med teori laurdag 15.februar og praksis sundag 16.februar. 

Sikkerheit på sjøen er viktig, både for tur- og regattaseglarar. Kompetanse om sikkerheit gjev tryggleik, som gjev ei auka seglglede og trivsel i båten. Shetland Race komiteen oppfordrar alle som seglar til å auka kjennskapen til utstyr, fyrstehjelp og godt sjømannskap. Dette kurset er nyttig for alle, om du har tenkt å segla regatta eller berre nyttar båten i tursamanheng – så kurset er ope for alle, enten du planlegg å delta på Shetland Race eller ikkje.

Sikkerheitsreglane for Pantaenius Shetland Race krev at minst ein av mannskapet ombord skal ha godkjent ISAF sikkerheitskurs. I 2019 vart det gjeve dispensasjon frå dette kravet for deltakarar som hadde eit sikkerheitskurs som var “gått ut på dato”. Det er usikkert om det er ynskje for å gjera det same for 2020, så det vert anbefalt at flest mogleg av seglarane har eit gyldig sertifikat. 

Les meir her

Eller kontakt Inge Andre Utåker i Shetland Race komiteen på e-post eller tlf 934 39 466