2.stemne i Norsk Seilsportsliga!

ASF sitt lag er no på plass i Molde der 2.runde i Seilsportsligaen går av stabelen i helga. Me kan blandt anna fylgja stemnet, seglasane og seglarane våre gjennom Norsk seilsportsliga si livesending på facebook.

 

I denne runden stiller ASF med fylgjande lag:

  • - Thomas Hunstad
  • - Gordon Wright
  • - Nils Olav Handegard
  • - Erland Handegard
  • - Torstein Hellebust
  • - Stian Soltvedt (lagleiar)

Me fekk eit par ord med Stian i går og han sa fylgjande om mål og taktikk for denne helga:

Seglinga er litt rutine, det gjeld å vera fyrst i starten og ikkje gjere feil under båthandteringa. I år satsar me på breidde. I fjor nådde me målet om opprykk. No gjeld det å få eit større og stabilt lag, slik at ein klarar å stabilisera seg og halda plassen i Eliteserien. Gode plasseringar krev mykje trening – og med begrensa tilgang på treningsbåt så må me ta det litt så det kjem.

I seilsportligaen er det båttypen J/70 som vert brukt i seglasane. Det vert segla med 5 båtar i fleetrace, der kvar av desse varar 12-15 minutt. Mellom kvar seglas vert heile mannskapet bytta ut. All dømming skjer direkte på vatnet. Slik vert det både meir spenning og ikkje minst meir publikumsvenleg segling!

PROGRAMMET for helga er slik:
Fredag 20.juli: 
kl. 10.00 – 20.00  Trening

Laurdag 21.juli: 
kl. 09.00   Skippermøte
kl. 10.00   Fyrste varselsignal
ca kl. 18.00   Aftersail og sosialt på Scandic Hotell Seilet, rett etter seglinga. Gjennomgang av dagens seilaser og middag

Sundag 22. juli:
kl. 09.15   Skippermøte
kl. 10.00   Fyrste varselsignal
kl. 16.30   Siste varselsignal for ny flight
Premieutdeling rett etter seglinga

LIVESENDING frå Norsk Seilsportsliga fylgjer du her.

Så sant laget & “støtteapparatet” vårt får sendt litt bilder og rapportar, så vil me prøva å få lagt desse ut på vår eige facebookside løpande gjennom helga. Så følg ASF på facebook (Ps. Du må ikkje vera registrert sjølv på fb for å kunna fylgja ASF si side).