37 båtar påmeldt til fredagens Norgeshus Seilmakeren Doublehanded!

Fredag 25.mai kl.11:00 går startskotet for årets Norgeshus Seilmakeren Doublehanded i Hauglandsosen. 

 

37 båtar er påmeldt til vårens flottaste og kanskje tøffaste regatta! Det kjem seglarar frå austlandet, sørlandet og Trondheim,  i tillegg til mange vestlendingar – og det vert spennande å sjå kven som vil hevda seg best i desse farvatna i år. 

I år har me ein ny vri, regattaen går nemleg utan pitstop! Det vil sei at seglarane skal segla frå Askøy og sørover til runding av Ramsholmane på Sletta, deretter nordover att og med målgang i Lerøyosen. Regattaen vert då litt kortare enn i fjor, men desto tøffare då ein ikkje får pitstop med kvile. 

Står ver og vind seg, så reknar me med at dei fleste er i mål i løpet av laurdag ettermiddag – og at me kan halda premieutdeling laurdag kveld. Men fylg med på regattasida og facebook for informasjon og endelege tidspunkt.

Vår samarbeidspartnar gjennom mange år, SEILmagasinet, er framleis med oss – og er ansvarlege for det tekniske rundt tracking og regattasida. Men, i år står me på eigne bein når det gjeld mediadelen med bilete og ikkje minst nyhetsfeeden på regattasida. Morten Jensen prøver no ut pensjonistlivet (vel fortent), og me håpar me har lært godt av han desse åra. Men det vert litt som å “hoppa etter Wirkola” – og me skal gjera så godt me kan! Me håpr å få seglarane med oss på laget, med å senda oss bilete og korte rapportar av ulikt slag – slik at me klarar å laga ei god og interessant oppleving rundt regattaen for dei som sit heime og fylgjer med. 

Norgeshus er hovudsponsor for regattaen – og lokalt er det Norgeshus Vestnorsk Bygg som er representant. Dei vil og stå for premien i årets Instagramkonkurranse. Fylg med på emneknaggen #seilmakeren18

Seilmaker Iversen er og sponsor og samarbeidspartnar for regattaen. Dei står for premiar – og i år også eigne bag’ar til deltakarane. Seilmaker Iversen har i år 150 års jubileum – og feirar det med ope hus 31.mai. Les meir her. 

Fylg regattaen med nyhetsfeed og tracking her

Fylg regattaen på facebook her.

Både me og samarbeidspartnar Norgeshus er for miljø og gjenbruk. I år som i fjor så nyttar me vimplar i akterstag i staden for klistremerke av plast. Og sidan me ikkje hadde noko nytt bilete enno, så nyttar me fjorårets bilete – sjølv om Helge Ivarsøy er bytta ut med Ole-Jørgen Michelsen som arrangementsansvarleg for ASF.