Bergen Challenge 2018

Torsdag 11. og fredag 12. oktober vart det arrangert Bergen Challenge 2018, eit NM for studentar i heile Norge. 

I alt 2300 deltakarar konkurrerte i ulike greiner desse dagane, og ASF stod som arrangør av mesterskapet i segling, der heile 9 lag deltok. Deltakarane kom frå Tromsø, NTNU, Ålesund, Sjøkrigsskolen, BSI, NHH og Oslo. 

Finn Espeseth med mannskap sørga for at deltakarane fekk to flotte dagar med konkurransar i Hauglandsosen. 9 ynglingar var klargjort og banemannskapa gjorde ein utmerka jobb under litt skiftande forhold. Ekstra gledeleg var det at på vinnarlaget befann seg vår eigen; Torbjørn Thomas Hansen. Me gratulerer!

Vel blåst alle og velkomen tilbake til ASF.

- for styret, Alice –