Covid19 og RETNINGSLINJER

Iht. dei anbefalte retningslinjene frå Askøy Kommune og NIF, har styre tatt beslutninga om å stenga det nye klubbhuset då ein ikkje har kapasitet til kontinuerleg reinhald. Det vert og oppfordra til minst mogleg bruk av fellesområda.

 

Vidare vil styret oppfordra medlemene til å utvisa sunn fornuft og unngå “mingling” på kaia og områda til. Ein ber at alle medlemer til einkvar tid fylgjer gjeldande retningslinjer frå styresmaktene.

  • • Arbeid på eigne båtar er OK
  • • Alle møter / kurs / sport og anna aktivitet er lagt på is inntil vidare.

Av hygieniske grunnar vert det ikkje lagt ut slangar når vatnet skal opnast i år. Medlemene må ha halda seg med eigne slangar. Me oppfordrar til at alle held god hygiene ved bruk av vannpunkta og andre felles kontaktpunkt.

Fylgjer me styresmaktene (og ASF) sine anbefalte retningslinjer, så kan me forhåpentlegvis møtast på kaia og til trening/konkurranse om ikkje alt for lenge.

Takk for at du held deg til retningslinjene!

mvh Styret i Askøy Seilforening.

ASF-RETNINGSLINJER & COVID-19