Askøy Seilforening har den gleda av å invitera til DOMMARKURS (tidlegare Kretsdommarkurs) på Askøy i veke 10 og 11. Kurset dekkjer den teoretiske delen av fagplan for Dommarutdanning i segling.
Etter endt og bestått utdanning, kan dommaren leia høyringar på regionalt nivå – og delta ved høyringar på nasjonalt nivå. Utdanninga er krav for å gjennomføra vidareutdanning som Forbundsdommar, Matchdommar eller Direktedommar.
KURSET vil gå over fylgjande dagar:
Utdanninga som Dommar vert gjennomført som forstudie, seminar med skriftleg eksamen og praksis. Informasjon om Dommarkusene finn du på NSF si heimeside. Her vil det etter kvart verta lagt ut fagplanar for kvart kurs – og dessutan mange av dei kompendia som vil verta gjennomgått på kurset.
Krava til førehandskunnskap er: Gjennomført NSF sitt Regelkurs for dommara (internattbasert).
Kurstad: Askøy Seilforening, Kollevåg
Påmelding: Påmeldinga gjer ein via “Min idrett” her. Påmelding innan fredag 1.mars. Kursavgift kr. 500,-.
Kursleiar og instruktør: Karl Petter Haugen, NSF
Kontakt: Ta gjerne kontakt med Karl Petter Haugen dersom du har spørsmål, e-post eller tlf. 488 81 845
Vel møtt!