DOMMARKURS "U35" - 2019

Norges Seilforbund inviterer til Dommarkurs (tidl.kretsdommarkurs) på Askøy 1.-3. mars 2019. Kurset er ein del av NSF si satsing på å få fleire funksjonærar mellom 16 og 35 år. 

 

Kurset vert gjennomført saman med NSF si trenarutdanning – og det er eit tilpassa kurs, der og teoridelen til utdanning som Banedommar vert gjennomført.

Kursdagar: 

  • Fredag 1. mars  kl. 17.30 – 21.00
  • Laurdag 2. mars kl. 09.00 – 18.00
  • Sundag 3. mars kl. 09.00 – 18.00

Det vert felles måltider under samlinga og det er mogleg med overnatting på seilsportsenteret. 

Informasjon om utdanninga: Utdanninga som Dommar og Banedommar vert gjennomført med forstudie, seminar med skriftleg eksamen og praksis.

Informasjon om Dommarkursa finn du på NSF si heimeside. Her vil det etter kvart bli lagt ut fagplanar for kvart kurs, og dessutan mange av kompendia som vil bli gjennomgått på kurset.

Førehandskunnskap: Kravene til førehandskunnskap er:

  • Gjennomført NSF sitt Regelkurs for dommarar (internettbasert)

Kursstad: Askøy Seilforening, Kollevåg

Overnatting: Deltakarane vert tilbydd overnatting i naust til kun kr. 300 pr. person.

Påmeldingsavgift: Kursavgifta er kr. 1500,-. Deltakaren sin forening vil verta fakturert før kursstart.

Påmelding: Påmeldinga gjer ein via “Min idrett” her. Lag ny brukar om du ikkje er brukar frå før. Er du medlem av ein seilforening – pass på at du er registrert mot din klubb. Les meir her.  NB! Påmelding innan fredag 22.februar.

Kursleiarar og instruktørar: Karl Petter Haugen, NSF (kursleiar) og Jens Ludvig Høst, NSF

Kontakt: Ta gjerne kontakt med Karl Petter Haugen dersom du har spørsmål, e-post eller tlf. 488 81 845

Vel møtt!