Ferie og båtplassar, dugnader, jollebryggene m.m.

Diverse informasjon frå styret ad ferie og sommaren 2020.

 

BÅTPLASSAR I FERIEN
Ver venleg og meld i frå på e-post til havnesjef om du planlegg å vera vekke i meir enn 2 veker i sommar. Då kan me disponera plassane til besøkande. Oppgje plassnummer og i kva tidsrom plassen din er ledig.

RYDDEDUGNADEN I KOLLEVÅGEN (OBLIGATORISK)
Me har invitert medlemene til å gjennomføra den årlege ryddedugnaden (koronaversjon) i Kollevågen. Sjå artikkel her på heimesida.

RYDDING AV SKOG MELLOM VEG OG NEDRE PARKERINGSPLASS (DUGNAD)
Me inviterer medlemene til dugnad for å rydde skogen mellom vegen og nedre parkeringsplass. No når plassen er tom i samband med rassikringa, så er dette eit godt tidspunkt. Du må sjølv ta med nødvendig utstyr / verneutstyr og tilhengar til å køyra vekk bosset, då det er ein del av jobben. Utgifter til bosstømming osv. vert dekka etter rekning. Interesserte sender SMS til 950 39 620 (Håvard K. Berge)

RYDDING AV KRATT I GRØFTER LANGS VEGEN (DUGNAD)
Me inviterer medlemene til dugnad for å rydde kratt i grøftene langs vegen ned til Seilsportsenteret. Vegen held på å gro att, så det trengs ei god lita ryddeøkt. Du må sjølv ta med nødvendig utstyr / verneutstyr og tilhengar til å køyra vekk bosset, då det er ein del av jobben. Utgifter til bosstømming osv. vert dekka etter rekning. Interesserte sender SMS til 950 39 620 (Håvard K. Berge)

JOLLEBRYGGENE
Jollebryggene er til bruk for inn- og utsetting av joller o.l. Båtar skal IKKJE ligga fortøyd her!

INTERNETT / WIFI
Internettsenderen på vanntårnet er defekt. Styret er usikker på om det er denne løysninga som er den mest kostnadseffektive i framtida, så dette vert difor ikkje ordna før ferien. Me vil diskutera om dette er ei teneste som me treng å levere då dei aller fleste har god tilgang på internett via 4G.

God sommar!

Mvh Styret