Flott 4.plass til HIMLALEITE i årets World Championship for X-35!

Etter at det ikkje var nok seglvind siste racedag, så vart resultata etter dag 3 ståande. Det vil sei at våre glade amatørar på tur i det store utland, henta heim ein flott 4.plass i årets X-35 Worlds i Malmø. Me gratulerer skipper Torbjørn Halvorsen og mannskapet Chris Skogen, Kristian Øpstad, Morten Lystrup, Bjørg Skråmestø, Torstein Hellebust og Trine Fossheim! 

 

Etter at mesterskapet kom i gang, så mottok me dagleg rapportar om team HIMLALEITE frå vår svenske venn, Håkan Gerdbo. Utdrag frå rapportane og bileta som me fekk, la me ut på facebooksida vår. 

Når ein seglar i ukjende farvatn er det allit greit å ha kunnskap om forholda. Son til Håkan gav laget litt “coaching” laurdagen – så då fekk dei meir innføring i dei grunne forholda og høge bølger. Noko som godt med, for som Chris hadde sagt etter dag 2 med superlett vind og sterk “straum”; Nesten som å segla i ei elv… 

Torbjørn saman med Martin Krite som har segla 2 Volvo Ocean Race med Ericsson 3 og Groupama. Håkon sa til Martin at han ville ha eit bilete av deg og Bergens mest erfarne seglar…de er like kjent…  Etterpå kom det spontant frå Torbjørn; Kven var det??? Kven er mest kjent???