Flott innsats i siste runde i seilsportsligaen!

Etter ein god 2.plass i siste flight i dag, så enda laget vårt på ein 8.plass totalt i helgas runde i Arendal.

Lagleiar Stian Soltvedt kan rapportera om at siste seglas avgjorde. ASF var kun ein liten meter frå siger i den, men samstundes var det svært tett og berre ein liten meter andre vegen skilde ned til 12.plass i den runden!

Det vil sei at laget til ASF har fått ein 8.plass av 15 samanlagt i årets elitedivisjon i Norsk Seilsportsliga! Me gratulerer med god innsats gjennom sesongen og framleis segling i elitedivisjonen!

På laget denne siste helga segla: Thomas Hunstad, Gordon Wright, Erlend Handegard, Nils Olav Handegard og Stian Soltvedt. I tillegg har Torstein Hellebust og Tina Kutti vore med i tidlegare stemner denne sesongen.

Bilder frå helga finn du på Norsk Seilsportsliga si facebookside her.

Resultat, analyse og streaming finn du på SAP sailing her.

Elles så kan me gratulera Ran Seilforening med ein 3.plass totalt i årets elitedivisjon!