Glade amatører på tur i det store utland!

Skipper Torbjørn Halvorsen har teke med seg sitt mannskap på HIMLALEITE på tur til Malmø og World Championship 2019 for X-35! 

I dag var fyrste regattadag – og etter 3 seglasar så ligg HIMLALEITE på ein flott 4.plass! I fylgje ryktene så har dei fått litt lokal guiding på forholda der borte, frå vår kjenning Håkan Gerdbo. Alltid greit å ha kunnskap om grunne forhold og høge bølger når ein er i nye farvatn.

Det vert segla frå i dag og til laurdag, som er siste racedag – og me håpar dei sender oss litt bilder og rapportar undervegs.

Dei glade amatørane i HIMLALEITE er: Torbjørn Halvorsen, Chris Skogen, Kristian Øpstad, Morten Lystrup, Bjørg Skråmestø, Torstein Hellebust og Trine Fossheim.

De kan fylgja Himlaleite på arrangementet X-35 Worlds 2019 på facebook eller på heimesida til mesterskapet her.

Resultata finn de her: