Godt jobba på sommardugnaden!

Då er anlegget vårt rydda – og viser seg no frå si beste side til glede for alle våre medlemer og gjesteseglarar i sommar!

Forhåpentlegvis så er anlegget like fint fram til vårt neste store arrangement; Nautic Askøy Rundt laurdag 18.august.

10 engasjerte medlemar nytta torsdagen til å fjerne bos og å rydda området ved “inngangspartiet” til seglsportsenteret. Optimistjollene har flytta inn i rubbhallen mellom det gamle og det nye klubbhuset. Restane av den øydelagde rubbhallen er fjerna. 

Me minnar om at all “parkering” av båtar eller materiell på området skal vera avtalt på førehand med havnesjef Arne Pettersen.

Takk for oppmøte og god innsats på dugnaden – og god seglsommar til alle våre medlemer!

- Styret –