Invitasjon til teaterforestilling!

Idrettsrådet i Askøy inviterer til teaterframsyninga “Ingen er Homo i 2.divisjon”, torsdag 10.desember kl.18.00 på Kleppestø ungdomsskule.

 

Etter sjølve teaterframsyninga vil det bli gjennomført ein diskusjon rundt mobbing og inkludering i idretten.

Framsyninga er GRATIS!

Til teaterframsyninga er alle inviterte;

  • • Alle idrettslag med leiarar, trenarar, utøvarar, medlemer (frå 12 år og opp) osv.
  • • Alle leiarar / tillitsvalde og medlemer i frivillige organisasjonar, inkl. ASM og Amatørkulturrådet.
  • • Alle ungdomsskule- og vidaregåande elevar på Askøy
  • • Lærarane ved alle skulane på Askøy
  • • Politikarar og administrativt tilsette i Askøy kommune
  • • Alle andre interesserte

Sjå meir på facebookevent 

Velkomen!

Helsing Idrettsrådet i Askøy ved leiar Thorvald Haarberg