Join the action! NM Melges 2019!

Overnatting & bevertning! Askøy Seilforening har den gleda å invitera seglarane til å bu på seglsportsenteret under årets mesterskap. Med 9 naust og 7 soverom inne i klubbhuset har me plass til 70 personar for overnatting. 

 

Med vår eigen kokk så er det lagt opptil at alle måltid under mesterskapet vert innteke på seglsportsenteret. Ved kjøp av komplett pakke, overnatting & mat, så kjem ein rett til duk og dekka bord! Frukost, lunsj, bryggemat og middag er ein del av pakka. Det vert ekstra kjekt om heile flåten gjer dette samla. Dette vert difor eit mesterskap som du kjem til å hugsa!

Med vårt opplegg og våre fasilitetar så ligg det an til eit kompakt mesterskap der ein kan ha gode relasjonar og nyta tida mellom regattane. 

Med båthall, verkstad, garderobe og bryggeanlegget me har på seglsportsenteret vårt, så har me alt du treng på ei armlengdes avstand.

For bestilling av kost & losji, ta kontakt med Alice på e-post (sjå vår hovudside, der ligg all info du treng for bestilling & registrering). For å vera garantert plass på overnatting, så må me ha bestillinga di innan tysdag 13.august!

  • PAKKE 1:  Overnatting torsdag til sundag, mat fredag morgon til sundag em. Kr. 1.850,- pr.person.
  • PAKKE 2. Mat, fredag morgon til sundag em. Kr. 950,- pr.person.

Sjå meir informasjon om registering, vilkår for overnatting, leige av sengetøy, mat osv på vår hovudside her.