Vel gjennomført årsmøte 15.februar

Årsmøte i ASF samla 41 røysteføre medlemer denne torsdagskvelden.

Alice innleia møtet med nokre fine ord og gåver til medlemer som gjer ein ekstra innsats for klubben. Deretter gjekk ein over på saklista – og fylgde den. 

Kort oppsummert så vart Jens A.Wathne vald til ordstyrar, og han leia møtet på ein god og stødig måte. Det var ingen innkomne forslag frå medlemer denne gongen. To forslag frå styret vart godkjende etter litt justering på ordlyd.

Det vert ingen endring på medlemskontigenten for 2018. Sjølv om ein har god kontroll på øknomien i klubben, så er den framleis stram. Frå 2019 ser me oss nøydde til å ha ei auke i havneleiga.

Det nye styret er som fylgjer: 

  • - Leiar: Alice Syslak, gjenvalg – 1 år
  • - Nestleiar sport: Harald Gjøsæter (ikkje på valg)
  • - Nestleiar merkantil: Jan Rune Hopland, gjenvalg – 2 år
  • - Styremedlem sport: Finn Espeseth, gjenvalg – 2 år
  • - Styremedlem sport: Anders Jamne (ikkje på valg)
  • - Styremedlem merkantil: Ove Flatnes, gjenvalg – 1 år
  • - Styremedlem merkantil: Arne Pettersen, gjenvalg 2 år
  • - Styremedlem merkantil: Anne Salbu, ny – 1 år
  • - Styremedlem ungdom: Karl Emil Haugen, ny – 1 år
  • - Varamedlem: Trond N. Berntsen, ny – 2 år

Protokollen frå årsmøtet vert lagt ut på Xmarina når den er klar.