Nautic Askøy Rundt 2018

Då er me klare for å ynskja velkomen til årets høgdepunkt, familieregattaen “Nautic Askøy Rundt” – laurdag 18. august! 

 

Laurdag 18.august har Askøy Seilforening gleda av å invitera til Askøy Rundt for 40. gong! Regattaen har no namnet Nautic Askøy Rundt etter den nye hovudsponsoren, Nautic.


Dei tre siste åra har denne tradisjonsrike regattaen vore arrangert som 1-dags regatta, og slik vert det også i år. Men sjølv om noko er modernisert, er likevel mykje ved det same; me ynskjer framleis å profilera dette som ein familieregatta – og det vil bli markert på ein spesiell måte i år. 

Starten går aust av Askøy ved Askeneset og det vert segla nordover Herdlefjorden. Derettert sørover Hjeltefjorden med målgang vest for Ramsøy. 

Etter målgang vert det premieutdeling og seglarfest på Askøy Seilsportssenter. Meir om dette kjem under "for deltagerne" i menyen etter kvart. 

For dei av dykk som treng hamneplass frå fredag til sundag, tilbyr me gratis hamneplass på Seilsportsenteret desse dagane. Det vil og verta servert frukost på seglsportsenteret sundag.

Påmeldinga er opna og kunngjeringa er lagt ut under menypunktet “for deltagerne” på regattasida. Meld deg på allereie no, så har du planane klare for laurdag 18 august!

Årets regattakomite for Nautic Askøy Rundt vil med dette ynskja alle små og store seglarar hjarteleg velkomne!