Nautic Askøy Rundt 2019

Ein heller våt og vindfull regatta vart gjennomført laurdag med 38 båtar på startlinja.

 

Regattaen hadde 46 påmelde, men med stiv kuling var det naturleg at nokre stod av denne gongen. Uansett ver, seglarane er like blide og me har gjennomført Askøy Rundt nr.41! 

Shiraz med skipper Gordon Wright tok på ny siger i minste klasse, medan Levens med skipper Willy Forland henta heim siger til Ran i mellomste klasse. I største klasse var det Scirocco III med skipper Bernt Svendsen som trakk det lengste strået til slutt.

Foto © Gry Hunstad, Shiraz 

Resultata finn de på regattasida her. 

På vår facebookside finn de eit album med bilete tatt av Roald Helge Furre.