Nautic Askøy Rundt - ein familieregatta

Askøy Rundt har i mesteparten av si førtiårige histore vore marknadsført som ein familieregatta – og årets Nautic Askøy Rundt er intet unntak! Me feirar førtiårsjubileet med å trekka eit gåvekort på kr.10.000 hjå Seilmaker Iversen mellom båtane som har minst 2 generasjonar frå same familie ombord!

 

Me oppfordrar alle til å ta med seg familien på Askøy Rundt. Segling er jo av dei få idrettane der gamle og unge, born og vaksne kan konkurrera saman – og dette ynskjer me å markera litt ekstra i år. Ingen er for ung til å segla og ingen er for gamal! Så fyll gjerne opp båten med born, foreldre, tanter, onklar, kjæledyret og så må du ikkje gløyma bestemor! 

Så for å gjera litt ekstra stas på familieseglarane og visa at me verdset deira deltaking, så trekkjer me eit gåvekort på kr. 10.000,- hjå Seilmaker Iversen! Gåvekortet er sponsa av Svendsen Bygg og Eiendom AS – og kriteria for å vera med i trekninga er enkle:  

  • - Minst 2 generasjonar frå same familie må vera ombord ( og her reknar me ikkje med kjæledyra… )
  • - Båten må fullføra regattaen
  • - Heile mannskapet må vera tilstades på Seilsportsenteret når gåvekortet vert trekt under landarrangementet etter regattaen.

Dess fleire medlemer frå same familie ombord, jo fleire lodd vert lagt i hatten for denne båten…

Dei som meiner dei oppfyller krava til å verta kalla “familiebåt” melder frå om dette og om kor mange dei er, til regattasjefen, på SMS 918 48 527 eller e-post.

Påmelding til regattaen og meir informasjon finn du her på regattasida.

”Obelix” – Askøy Rundt 2015

”Winocean” – Askøy Rundt 2015