Norsk Seilsportsliga, stevne #3 i Arendal

Vårt lag i seilsportsligaens eliteserie segla inn til ein 6.plass i helgas stevne i Arendal. Etter 3 rundar ligg ASF på ein 3.plass samanlagt. 

Etter ein knall start med 2 sigrar i dei 2 fyrste flight’ane, så vart det litt meir midt på i dei påfylgjande flightane desse to dagane. Men det er tett mellom plasseringane og det skal små feil til for å gå frå ein 1 til 5 plass i dei ulike løpa. Uansett, me er strålande fornøyde med gjennomføringa til seglarane våre som denne gongen var: Stian Soltvedt, Tina Kutti, Nils-Olav Handeland og Torstein Hellebust. Gratulera!

Resultat, tracking og samanlagtoversikt finn du her.

Det er og meir bilete å sjå frå seilsportligaen på deira facebookside.

foto © Trond Teigen