NYBEGYNNARKURS i segling for born!
Me inviterer til NYBEGYNNARKURS i optimist segling for born i alderen 9 til 12 år, hausten 2020. Sjølve KURSET vert halde 21. – 23. august på seilsportsenteret.
KURSET består av ei innleiande kurshelg, med påfylgjande treningar ein dag i veka utover hausten. Båttypen vil vera Optimistjolle, med opplæring etter Norges Seilforbund sitt opplæringsprogram “Peiling på seiling”.
- • Stad: Askøy Seilsportsenter
- • Aldersgruppe: 9 – 12 år (borna må vera symjedyktige)
- • Kurshelg: 21. – 23. august 2020
- • Fredag 21.august, kl.18:00 – 20:00: Informasjonsmøte for foreldre
- • Laurdag 22. og sundag 23.august, kl.12:00 – 15.00: Nybegynnarkurs
- • Trening kvar mandag, veke 35 – 42
Det er ei forutsetning at forelder/føresett er tilstades under kurset og treningane – og at desse helper til med rigging/utsetting og bemanning av fylgjebåtar.
- • Kursavgift: Kr. 1.000,- (VIPPS #118866)
- • Kursavgifta inkluderer fylgjande:
- • Nybegynnarkurs (kurshelg)
- • Seglskule kvar mandag ut sesongen 2020
- • Medlemskap i Askøy Seilforening ut 2020
- • Fri tilgang til jolle ut sesongen
- • Bok “seil optimistjolle – Din første bok om seiling”
For ytterlegare informasjon og påmelding kontakt:
- Trond N.Berntsen, tlf. 916 92 881 eller
- Terje Askvik, tlf 474 13 980

