Øyvind Skogen, 1956-2018

Sjølv om mange av oss såg kva veg det bar, var det tungt å ta imot bodskapen om at byggmeister Øyvind Skogen var død, 11. mars. Segling var for han meir enn ein hobby; det var ein lidenskap.

 

Som mangeårig medlem i Askøy Seilforening var han ein av dei ivrigaste regattaseglarane i distriktet, og truleg den mest-vinnande. Som skipper på Banner 28 «Nikita» i meir enn 30 år, vann han det meste han deltok i. Ingen veit nøyaktig kor mange premiar han har vunne i sin karriere som seglar, for premiar delte han raust med mannskapet sitt. Men nokre hundre premiar har det blitt opp gjennom åra. For Øyvind var det ikkje talet på premiar på hylla som betydde noko, men det å segla, og det å vinna. Han meistra det som var av vind og ver. Var det lett vind, «Banner-føre» så var Nikita som oftast i front. Men bles det «stikker og strå» så var han gjerne først då også. Om då ikkje båten vart slegen over ende og gjekk til botnar, slik det skjedde under ein vinterseglas for nokre år sidan. Om Øyvind tok skrekken etter det? Ikkje i det heile. Han fekk båten heva og tømd for vatn, og segla så heim. Han fekk støypt seg ein djupare kjøl og skifta det som måtte skiftast av rigg og utstyr, og så var «Nikita» god som ny.

Øyvind var ingen høgrøysta mann, eller for å bruke eit maritimt bilete: han drog ikkje opp mykje hekk-sjø etter seg der han fór. Men han hadde store kunnskapar, og sine meiningars mot. Regelboka kunne han, og kom gjerne med eit hint til den som la ei skeiv startline eller fomla med startflagget, men alltid hadde han eit glimt i auga.

Som dyktig handverkar deltok Øyvind i oppbygginga av Askøy Seilsportsenter, og tok i fleire rundar eit tak som tillitsvald i foreininga. Han leid ikkje av trefotsjuka, så medan mange kjøpte seg nyare og større båtar, heldt Øyvind seg trufast til sin 28-fotar, som han kjøpte som halvfabrikata og monterte sjølv i 1986. Før denne hadde han ei Grimstadjolle i mange år, og segla sidan han var gutunge i ulike typar jollar.

Øyvind vil bli sakna. Sjølvsagt mest av si kjære Åshild, ektefelle og medseglar gjennom meir enn førti år, tvillingane sine, og dei to barnebarna. Men også av oss i Askøy Seilforening, som har mista ein mangeårig medlem, ein god kamerat på bryggja og ein nesten uslåeleg konkurrent på fjorden. Han la ut på si siste reise kledd i segldressen sin, den dressen han treivst aller best i.

 

På vegner av styret i Askøy Seilforening

- Harald Gjøsæter –