Omlegging frå Xmarina til Havneweb

Vårt havn- og medlemsregister er no overført frå Xmarina til Havneweb.

 

All oppdatering av medlemsregister og havn vil heretter vera i Havneweb, www.havneweb.no/askoy-seilforening  

Endringar utført i X-marina etter 16. mai 2020 har ikkje kome over i Havneweb.

Påloggingsinformasjon til Havneweb er sendt ut på e-post til alle medlemer. Me oppfordrar alle medlemene til å logga seg på i Havneweb og verifisere dei data som er registrert på den enkelte under “min side”.

Problem med pålogging eller avvik i data kan rapporteres på e-post

Etter kvart som me vert meir kjende med moglegheitene i systemet og med det får tilpassa våre rutinar, så vil me sannsynlegvis om ei tid kunna tilby meir direkte booking av kranopptak, båthall, møterom, lokale m.m. for medlemene via innlogging.

Me håpar med dette å få ein betre og meir robust administrasjon av foreningens basisdata.

I samband med omlegginga har me oppdatert sider og lenker her på heimesida. Vår google-kalender for aktivitetar m.m. har fått eige menypunkt øverst til høgre.

 

Mvh Håvard K. Berge, Leder ASF