SAILING Champions league 2020

I helga er det SAILING Champions League kvalifisering i Tyskland, der lag frå Askøy Seilforening skulle ha vore med. 

 

 

Diverre vart det ikkje slik. COVID-19 har fleire gonger utsett avgjersle om segling i St.Petersburg.

Då det endeleg den 31. juli var klart at Askøy kunne stilla i kvalifisering i Tyskland, så vart det diverre for kort frist til å klara å stilla eit lag. Ferie var brukt opp, skulane var i gang att og det vert framleis frårådd med reiser til utlandet. Fleire måtte då teke frivillig karantene ved retur, så dette vart ikkje lett å få til på så kort varsel. I tillegg skal det i desse kvalifiseringane seglast med 4 personar i kvar båt – og det er ikkje loveleg pr.idag her i Norge.

Ingen norske lag er med i kvalifiseringsrundane, men BI Atletics, som var 1 poeng framføre ASF i den norske ligaen i fjor, er direkte kvalifisert til finalen 15.-18. oktober på Sardinia. Me ynskjer dei lykke til der. 

Då gjenstår det å fylgja med i forsetjinga og sjå kva som skjer til neste år.

I mellomtida kan de fylgja helgas kvalifisering via denne linken her. 

 

For team ASF / Stian Soltvedt