Sesongstart "HJELTEFJORDTRIMMEN"!

Regattasesongen er i gang - og TIRSDAG 8. MAI er det sesongstart for Hjeltefjordtrimmen!

 

I fylgje dei ansvarlege for Hjeltefjordtrimmen, så vert opplegget mykje likt fjoråret. Det har vore diskutert å gå over til eit tretals rating-system, slik som det vert gjort bl.a. i Korsfjordtrimmen. Men då det er ein del ubesvarte spørsmål rundt gjennomføringa med eit slikt ratingsystem, fyrst og fremst ad. kvar og kortid ein skal henta styrande vindmålingar, så er det valt å ikkje gå i gang med dette i 2018. Men ein vil prøva å samanlikna resultat for nokre regatta, for slik å samla erfaring og mogleg byrja med dette i 2019.

Seglingsbestemmelsar og informasjon finn du på regattasida til Hjeltefjordtrimmen her.

For tysdagens regatta så kan det no sjå ut som at sommaren kjem samstundes med oppstart av Hjeltefjordtrimmen 2018! Vermeldingane for tirsdag burde klara å lokka mange seglarar på sjøen. Sol, vind og fin temperatur er vel det mange har drøymt om gjennom ein lang vinter?

Me håpar å sjå mange båtar på sjøen denne sesongen! Dette er trimseglasen der alle kan få prøva seg. Passar for store og små, nybyrjarar og erfarne! 

Følg gjerne Hjeltefjortrimmen på facebook for informasjon & meldingar!

foto - Gry Hunstad, Shiraz