Sett av datoen laurdag 17.august!

Påmeldinga til Nautic Askøy Rundt 2019 er no opna! Så sett av datoen og bli med på den 41.utgåva av Vestlandets mest tradisjonsrike regatta. 

 

Dei fire siste åra har vår tradisjonsrike regatta vorte arrangert som 1-dags regatta, og slik blir det også i år. Men om noko er modernisert er mykje ved det same; me ynskjer framleis å profilere dette som ein familieregatta. 

Starten går aust av Askøy ved Askeneset og det vert segla nordover Herdlefjorden og så sørover Hjeltefjorden med målgang vest for Ramsøy. 
Etter målgang vert det premieutdeling og seglarfest på Askøy Seilsportssenter. Meir om dette kjem på sjølve regattasida etter kvart. 
For deltakarar som treng hamneplass frå fredag til sundag tilbyr me gratis hamneplass på Seilsportsenteret desse dagane.

PÅMELDING og meir informasjon finn du HER på REGATTASIDA. 

Årets regattakomite for Nautic Askøy Rundt ynskjer alle små og store seglarar hjarteleg velkomne!