Siger i 1.runde i Seilsportsligaen!

Chris Skogen, Håvard Espeseth, Nils Olav Handegard og Stian Soltvedt slo til og gjekk til topps i 1.runde i Seilsportsligaens eliteserie i Oslo i helga!

 

ASF sitt lag vann 7 av 11 seglasar - og var til slutt 2 poeng framføre Ålesunds Seilforening som fekk 2.plassen. I lag med desse på pallen var forhåndsfavorittane Åsgårdstrand som endte på ein 3.plass. Laget vårt er erfarne seglarar, men me synes dette er ekstra imponerande når ein veit at laget ikkje har segla saman før. No vert det ekstra spennande å fylgja laget vidare i sesongen, me kryssar fingrane for god segling og i neste runde som går på Hankø 22. og 23. juni.

Sjå meir om seilsportsligaen og bilder på facebooksida deira HER.

Artikkel i BA finn du HER.

Alle bilder © Trond Teigen / SailLogic