Siger til Shiraz i Stord Rundt & Sunnhordland Race i helga!

4 Askøy-båtar deltok i helga på den tradisjonsrike regattaen Stord Rundt / Sunnhordland Race – der Gordon Wright & Gry Hunstad i SHIRAZ henta heim samanlagt siger etter ein andreplass sørover og fyrsteplass nordover! Well done! 

 

Tre av Askøybåtane stilte i doublehanded-klassen der det var 15 båtar på startlinja. I tillegg til SHIRAZ, var det GLEDEN med Finn & Åse Espeseth, BÅTENVÅR med Anne-Gurine F. & Harald Gjøsæter. Frank Nyheim i CAROLINA AV ALVØEN stilte i NOR rating med Spinnaker, der det var 11 båtar med.

GLEDEN Finn fekk sjetteplass sørover og sjuendeplass nordover, og kapra med dette sjetteplassen samanlagt. Med BÅTENVÅR gjekk det ikkje så bra sørover, der det vart ein åttandeplass – men nordover sundag slo dei til med ein tredjeplass og det heldt til fjerdeplass samanlagt.

Regattaen var elles prega av total vindstille natt til laurdag, så dei alle fleste båtane vart liggjande å driva baklengs aust av Huftarøy heile natta. Seglasen vart difor avkorta nord i Nyleia, dit dei fleste kom utpå laurdagsmorgonen. Men det var ei fantastisk fin natt, med fiskevak, nisebesøk og vakre skyformasjonar, og ikkje ein dråpe regn kom det medan seglasen gjekk føre seg.

Søndagen, med start frå Leirvik og mål i Bekkjarviksundet var også prega av fint ver og passeleg med vind. Alt i alt ein fin seglas, som har plass til endå fleire Askøyseglarar til neste år! Stemningsbilete under her vart teke av Anne-Gurine på kvelden på veg sørover. Dei andre bileta er lånt av Gry i Shiraz.

Bergens Seilforening slit litt med resultatberekninga, så her manglar litt – men link til RESULTATA finn du HER.